Regjeringa bør snu om stemmerett

stemmeTrass i at to forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar viser at å senke stemmerettsalderen er positivt, så vel altså regjeringa no å skrinleggja heile prosjektet.

Det er vi i Barneombodet særs skuffa over, og det veit vi at også mange andre er. LNU skriv at dette er «trist for demokratiet», og Press viser til at 16- og 17-åringar sit med erfaringar som ein 50-åring berre kan drøyme om. Dette er utsegn vi kan stille oss bak.

Derfor har vi også sendt eit innspel til kommunal- og forvaltningskomiteen som i desse dagar behandlar proposisjonen. Innspelet kan du lese her (PDF).

Gode resultat

Gjennom dei to forsøka som er gjennomført, i 2011 og 2015, fekk ungdommar i 20 kommunar i kvart av åra lov til å stemme ved kommune- og fylkestingsvalet. Vi meiner at resultata av dette var svært gode. Mellom anna såg vi at

  • 16- og 17-åringar stemmer i større grad enn andre fyrstegongsveljarar, og på lik linje med gjennomsnittet av befolkninga
  • deltaking frå unge veljarar gjer fleire unge i kommunestyra i forsøkskommunar.

Det siste punktet her er svært viktig. Vi får ei stadig eldre befolkning her til lands, og det er ein stor fare for demokratisk ubalanse viss vi ikkje får gjort noko med representasjonen i kommunestyra og fylkestinga. Å gje 16- og 17-åringar stemmerett, viser seg å være ein effektiv måte å sørgje for yngre representasjon.

Det kan vere fleire grunnar til at det kjem fleire unge inn i kommunestyra. Det kan handle om personstemmer, men også om korleis partia prioriterer. Dette viser at det nyttar.

Det er Institutt for samfunnsforskning som har evaluert forsøka, og deira rapport kan du lese her.

LES OGSÅ: 16-åringane er klare til å få stemmerett

Tviler på modnaden

Regjeringa er svært klar over desse resultata. I kommuneproposisjonen sin for 2018 trekkjer regjeringa fram fleire positive utslag av forsøksordninga. Likevel landar dei på å skrinleggja heile forsøksprosjektet. Det er skuffande.

I proposisjonen vel også Regjeringa å trekkje i tvil ungdomen sin modnad. Dette, og resten av argumenta, kjenner vi att frå debatten når røysterettsalderen har vorte senka tidlegare. Å senka røysterettsalderen er eit politisk val, som handlar om å ta unge menneske på alvor, og å auka makta og moglegheitene deira for innverknad i samfunnet.

Vi i Barneombodet har laga ei samleside der vi skriv om kvifor vi ynskjer stemmerett for 16-åringar.

Viktig for ungdomane

Mange av ungdomane vi hos Barneombodet møter, trekkjer fram røysterett for 16- og 17-åringar som ei av sine viktigaste saker, nettopp fordi dei då kan få vera med på å forma sitt eige lokalsamfunn. Lokalsamfunn dei sjølv er dei største ekspertane på å veksa opp i, og vera unge i.

Ungdomane er engasjerte i saker som er viktige for dei. Akkurat som alle andre aldersgrupper. 16- og 17-åringane er modne nok. Det vert stilt ei rekkje krav til 16- og 17-åringar, og dei må få vera med på å avgjera kven som skal utforma desse krava.  16- og 17- åringar har livsopplevingar og meiningar som er viktige å ta med når vi skal utvikla samfunnet. Regjeringa lukkar augo for dei positive effektane av å senka stemmerettsalderen, og vel i staden å konstruera utfordringar.

Kommunane vil

Vi veit òg at kommunane gjerne gjev ungdomane sine tillit. I kvart av forsøka ynskte 100 kommunar å prøva nedsett stemmerettsalder. I tillegg gav over 160 kommunar sine 16- og 17-åringar stemmerett då det vart halde folkerøystingar om kommunesamanslåingar.

Vi håpar regjeringa lyttar til ungdomane, og kommunane, og at dei tek demokratiet på alvor. Vår klare anbefaling er at vi senkar stemmerettsalderen ved kommune- og fylkestingval til 16 år. Dersom regjeringa ikkje er overbevist enno, så bør dei subsidiært fortsette med ei forsøksordning.

Jonas Bjørkli, rådgjevar

Dette innlegget ble publisert i barn. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s