Foreldra bestemmer mykje, men ikkje alt

piggy bank

Barn over 15 har rett til å bestemme over pengar dei har tjent. Foto: Colourbox

Hei! Min mor har tatt ganske mye penger ut av min sparekonto, hvordan skal jeg håndtere det? Var meningen å bruke det på lappen men nå har jeg de jo ikke?

Slik lyd eit spørsmål frå ei 17 år gamal jente på tenesta vår «Spør Barneombodet». Den siste tida har vi fått fleire av denne type spørsmål. Foreldre kjenner i liten grad til sine pliktar, og ikkje minst sin eige barns rettar.

Mange barn har i vår og sommar konfirmert seg eller hatt sommarjobb, og me skjønar at det tidvis kan vere vanskelig å eines om korleis pengane skal brukast. Når ein er under 18 år er det foreldra som er verje og slik sett har dei ansvaret for økonomien. Gjennom dei spørsmåla me får opplev vi at nokre foreldre drar denne plikta for langt.

Reglane finn ein i verjemålslova § 12.:

En mindreårig råder selv over midler som han eller hun har tjent ved eget arbeid eller virksomhet etter fylte 15 år, eller som vergen eller andre har latt den mindreårige få til egen rådighet, samt normal avkastning av slike midler.

Rådigheten gir ikke den mindreårige adgang til å foreta disposisjoner som etter kapittel 6 krever samtykke fra fylkesmannen.

Dersom hensynet til den mindreårige krever det, kan vergen frata den mindreårige rådigheten over midler som nevnt i første ledd. Er den mindreårige fylt 15 år, kreves det samtykke fra fylkesmannen for å frata den mindreårige rådigheten.

Ein verje kan som utgangspunkt ikkje låna eller bruka pengane frå ein som er under sitt verjemål, og dermed har heller ikkje foreldre lov å låna eller bruke penge som barn sjølve har tent eller fått. For å gjere dette må dei altså ha samtykkje frå Fylkesmannen. Det vil seie at i saken med jenta over så kan ikkje foreldra ta jenta sine pengar, med mindre dei har fått eit samtykkje frå Fylkesmannen.

Dette vil også seie at mange konfirmantar i utgangspunktet sjølve kan bestemme over dei tidvis store pengesummane som dei får i gåve. Har dei lyst å kjøpe ein ny datamaskin kan man altså gjere det. Det gjeld viss pengane er gitt utan spesielle vilkår.

Når ei gåve skal gjevast kan ein presisere kva pengane skal brukast til. Seier til dømes besteforeldra at pengane skal sparast til seinare studiar så må ein forholda seg til dette. Helst bør nok dette koma fram tydeleg i eit gåvebrev eller liknande.

Jonas Bjørkli, rådgivar

Dette innlegget ble publisert i barn, Rettigheter. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s