Nokre sår gror ikkje

holde hender

Foto: Colorbox.com

Fem prosent av alle barn vert utsette for alvorleg fysisk vald i barndommen. I Trondheim vil det seie om lag 650 barn under skulealder. I snitt minst eitt barn i kvart klasserom.

 

Denne helga held Høyre sin kommunalkonferanse i Trondheim. Mine innspel til dei vedkjem kommunepolitikarar i alle parti, velgjerar, tilsette i kommunane, og forelder. For det å verne barn mot vald er ei av våre viktigaste samfunnsoppgåver.

Eg har tidlegare arbeidd som lege på Statens barnehus, og møtt barn med blåmerke, brennmerke og synlege spor etter mishandling. Det gjer inntrykk. Verre er det å vite at mange spor sit igjen etter at blåmerka er borte.

Kroppen er i konstant alarmberedskap

Valdsutsette barn opplever utryggheit, angst, depresjon og vanskar med å knytte relasjonar. Dei opplever konsentrasjonsvanskar og utfordringar som gjer at dei kan få manglande utbytte av skulegangen. Kroppen deira er i konstant alarmberedskap, og dei kan få dårligare immunforsvar og større risiko for psykisk og fysisk sjukdom seinare i livet Situasjonen dei er i gjer dei sårbare for å felle utanfor samfunnet, som igjen gir risiko for uføre, rus og kriminalitet.

Kommunepolitikarane spelar ei nøkkelrolle i arbeidet mot vald der barna bur.

Gode førebyggjande helsetenestar kan spare barna for smerter og plagar – og meir kynisk, men sant: det vil spare kommunen for store utgifter. Vald mot barn kostar samfunnet seks milliardar kroner årleg, syner reknestykke frå Vista analyse, på oppdrag for Justisdepartementet.

 Vald som folkehelseproblem

Som ein start bør arbeidet mot vald mot barn inn i alle kommunale folkehelseplanar. Vald er eit folkehelseproblem, og må behandlast som det.

Barn må få kunnskap om at dei bestemmer over sin eigen kropp. Vaksne lærer barn at dei skal sjå seg til høgre og venstre i trafikken, at dei skal bruke sykkelhjelm, redningsvest og bilsete. Vi må òg sette barna i stand til å seie i frå viss dei vert utsette for vald og overgrep. Desse samtalane bør vere obligatoriske i både barnehagar og skular.

Skulehelsetenesta må rustast opp. Barn treng ein vaksen dei stolar på viss dei skal fortelje. Den viktige vaksenpersonen kan vere ein lærar, sosiallærar eller helsesøster. Langt i frå alle kommunar har ei god nok helsesøsterteneste. Altfor mange av pengane som skulle gått til helsesøstrer går til andre ting i kommunane.

Helsestasjonar er òg viktige i arbeidet mot vald. Heimebesøk til alle og eit enkelt spørsmål som «Kva gjer du viss du blir sint på barnet ditt?», kan føre til godt førebyggjande arbeid gjennom foreldrerettleiing. De færraste vil barna sine vondt, og mange ynskjer rettleiing.

Ikkje minst må vi alle varsle barnevernet viss vi er urolege for eit barn. Barnevernet må ha gode arbeidsvilkår, og god kompetanse. Og når eit barn varslar, må det følgjast opp.

Ta valden på alvor

Gjennom godt førebyggjande arbeid kan vi hindre at barn blir utsette for vald. Til kommunepolitikare, og alle som har innflytelse på deira avgjerder: Ta arbeidet mot vald inn i folkehelseplanen til kommunen. Sats på skulehelsetenesta. Sats på helsestasjonar. Sats på barnevernet. Lag handlingsplanar mot vald i kommunen. Ikkje la barn bli utsette for vald. For nokre sår gror aldri.

Finn ut kva FNs Barnekonvensjon sier om valg og overgrep mot barn.

Av Anne Lindboe, Barneombod

Ein forkorta versjon av dette innlegget står på trykk i Adresseavisen (10.09.2016)

Dette innlegget ble publisert i barn, Politikk, Vold og overgrep. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s