La elevane stemme med føtene

barn

Me har spurt elevar over heile landet om dei blir høyrd. Svara varierer.

Kjære lærar,

«Læraren tar elevane med på diskusjonen om korleis ting skal gjerast i klassen.» Når vi besøker skolar i heile landet, er dette ein av påstandane skuleelevane skal svare «ja» eller «nei» til.

 

Måten dei svarar på, kallar vi for «stem med føtene». Inne i klasserommet skyv vi alle stolane og pultane inntil veggen, og så må elevane opp og stå. Så får dei ulike påstandar frå oss. Og dei får svare.

«Rektor på denne skulen lyttar til elevane og tek det dei seier på alvor», er gjerne den fyrste påstanden. På nokre skular går alle elevane til den sida av rommet som seier «ja». På andre skular vinn «nei»-sida. Det er jo leit for rektor å få ei slik tilbakemelding, tenkjer du kanskje. Men verre er det for ungane som ikkje vert høyrde, slik dei har rett til.

FN sin barnekonvensjon gjer ungar rett til å bli høyrt i alle spørsmål som angår dei. Det står i artikkel 12.

På spørsmålet om lærarane høyrer på kva elevane synest om undervisninga, er svara også forskjellige frå skule til skule. Nokre gongar delar elevane på same skule, eller på same trinn, seg mellom ja og nei. Når vi ber dei forklare kvifor dei har stemt som dei gjorde, heng det gjerne saman med at dei tenkjer på forskjellige lærarar.

Mange av elevane vi møter er nøgde med at læraren deira spør kva dei synest om måten dei får undervisning på, og som tek imot innspel frå dei som skal lære. Andre har diverre ikkje denne same opplevinga.

Fordi elevar er forskjellige, skal skulen undervise elevane på forskjellige måtar. Og det er læraren som har ansvaret for at opplæringa passar for den enkelte eleven.

Den beste måten å lære på er at den som skal lære og den som skal lære bort finn ut i lag kva som fungerer best. Skal dei ha gruppearbeid, skal dei lage ein presentasjon aleine, la læraren fram bodskapen på ein måte som dei forsto?

Å tilpasse opplæringa vil seie at læraren, i lag med elevane, blant anna skal

  • la elevane nytte ulike måtar å arbeide på, slik at alle får vist kva dei kan
  • la elevane få den tida dei treng til arbeidet
  • la elevane lese bøker og tekster som passer for dei
  • veksle mellom tavleundervisning, gruppearbeid og eigentrening
  • veksle mellom å snakke, skrive, bruke PC, aviser og så vidare

Viss du er ein av dei lærarane som trur elevane i klassen din vil gå til «ja-sida» av klasserommet viss du spør om dei får vere med i diskusjonen om deira eigen undervisning, kan du sjå vekk frå denne teksten.

Trur du dei vil gå til «nei-sida» av klasserommet, kan du finne fram nokre tips i heftet «Elevmedvirkning». Veit du ikkje kva dei vil svare, kan du skyve stolar og bord inntil veggen og be dei stemme med føtene.

Her ser du ein video me tidligare har publisert på Instagram om denne måten å seie frå på:

Jonas Bjørkli, rådgjevar

Dette innlegget ble publisert i barn. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s