Barn i barnevernet skal høyrast

barn skal høres

Foto: Colourbox

Det gjer inntrykk å høyre historier om barn som må flytte gjentekne gongar mens dei er tekne hand om av barnevernet. Vi har dei siste vekene lest om «Glassjenta» Ida i Stavanger Aftenblad.

Dessverre er det fleire enn Ida som opplever tilsvarande historier. Vi har snakka med fleire av dei. Vi har også hatt innsyn i nokre saker som handlar om barn som opplever at dei ikkje har blitt høyrt før barnevernet bestemte at dei skulle flytte frå fosterheimen eller barnevernsinstitusjonen.

Felles for barna er mangelen på stabilitet og frykta for igjen å bruke tid og krefter på å innordne seg i eit nytt miljø. Nokre av barna vi har snakka med har flytta frå beredskapsheim, til fosterheim, til barnevernsinstitusjon, til psykisk helseverninstitusjonar – og tilbake.

Flyttinga og den ustabile livssituasjonen fører ofte til uro og stress, og dessverre ei forverring av vanskane barna har. Dette kan i seg sjølv vere omsorgssvikt.

Så kva kan gjerast for å redusere talet på flyttingar for barn i barnevernet?
Det er fleire tiltak som kan gjerast for å få færre flyttingar av barn under barnevernet si omsorg. Først og fremst er det viktig å snakke med barnet før det må flytte.

Barnevernet skal ta utgangspunkt i Barnekonvensjonens grunnleggjande prinsipp om det beste for barnet og barnet sin rett til å seie si meining.  Dette står også i barnevernlova. Disse to omsyna heng tett saman.

Det eine slår fast at det beste for barnet skal vere målet, og det andre beskriv framgangsmåten for å nå dette målet. For å finne ut av kva som er til det beste for barnet, må barnet seie si meining.

Artikkel 3 om det beste for barnet kan faktisk ikkje gjennomførast på korrekt vis viss ikkje artikkel 12 om barnet sin rett til å seie meininga si blir respektert. Dette kan du lese meir om i generell kommentar nr. 12 (2009).

Vår erfaring er at barn alltid kjem med gode forslag til løysingar på ulike ting. Spesielt når det dreier seg om dei sjølv, da er det dei som er ekspertane. I fleire av sakene vi har hatt innsyn i, trur vi at dei som har bestemt at barnet skal flytte kunne ha kome til ei litt annleis løysning viss barnet hadde blitt høyrt.

Dei fleste er nok klar over at barn har rett til å bli høyrt, men praksisen varierer. Ei undersøking viser at i nesten 70 % av vedtaka frå fylkesnemnda om fosterheimsplassering, så er meiningane til barnet lite eller ikkje nemnt.

Betre oppfølging av fosterheimane
Fosterheimane står ofte overfor store utfordringar. Vi meiner at ei tettare oppfølging, betre rettleiing og meir avlastning kunne ha redusert tal på flyttingar for barna i fosterheimane.

Både barn og fosterforeldre seier til oss at det nokre gonger kan vere vanskeleg å vite kor mykje fosterforeldra kan bestemme og ikkje, og kor grensa går mellom omsorg og tvang.

Barneombodet anbefaler difor at barnevernet årleg gir alle fosterforeldre rettleiing om grensesetting.

Barnevern og psykisk helsevern må samarbeide oftare
Nokre gonger handlar all flyttinga om at barnevern og psykisk helsevern ikkje har gode nok tiltak for å hjelpe barna. Mangel på plassar i psykisk helsevern og strenge kriterium for å bli innlagt kan føre til at det ofte er barnevernet som tek ansvar for barn med psykiske lidingar.

Det er ikkje alltid at dette er det riktige tiltaket for barnet, og barnet må derfor flytte nok en gong. Vi meiner det er viktig med fleire typar tiltak, og at det kan vere hensiktsmessig å etablere fleire felles døgninstitusjonar for dei barna som treng hjelp frå både barnevern og psykisk helsevern.

Ikkje berre er det viktig med fleire typar tiltak, men det er også heilt elementært å finne det riktige tiltaket. Barneombodet anbefaler at behova og den psykiske helsa til barnet blir kartlagt grundig før det blir plassert i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon.

Les meir om oppfølging av fosterheim og samarbeid i kapittel 4 og 5 i Barneombodet sin rapport «Grenseløs omsorg – om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern»

Her kan du sjå og høyre ei digital historie frå ei jente med erfaringar med tvang og flytting. Ho bur til vanleg på ein barnevernsinstitusjon. I løpet av eit og eit halvt år har ho vore innlagt 48 gonger ved ei ungdomspsykiatrisk avdeling.

Ane Gjerde, Seniorrådgivar

Dette innlegget ble publisert i barn, Barnelov, Barnevern, Medvirkning og deltakelse og merket med , , , , , . Bokmerk permalenken.

2 svar til Barn i barnevernet skal høyrast

  1. «Så kva kan gjerast for å redusere talet på flyttingar for barn i barnevernet?»

    Det er å ta færre barn fra foreldrene. Barnevernet flytter barn unødig fra foreldrene. Deretter risikerer barna å bli kasteballer i systemet. Hvis flere barn fikk lov til å bli værende hjemme hos sine foreldre, ville færre barn blitt flyttet på. Det er ikke nødvendig med alle disse omsorgsovertakelsene. De fleste kunne vært unngått.

    Barnevernet må tenke nytt. Mange barn, som hadde hatt det bedre hos sine foreldre, flyttes idag med tvang til fosterhjem.

    Lik

    • barneombudet sier:

      Barneombodet tek ikkje stilling til kvifor, og om det er rett at born blir flytta ut av heimen sin i dette blogginnlegget. Det er ein anna debatt som og er veldig viktig å ta.

      Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s